onsdag 24. oktober 2007

Å LÆRA ER Å OPPDAGA.

Å oppdaga er ein subjektiv sak. Berre eg kan oppdaga for meg. Andre kan peika på ting og visa meg ting, men sjølve oppdagelsen, eller forståelsen, må eg gjera sjølv. Dette er eit vesentleg punkt når ein skal vurdera seg sjølv også når ein køyrer bil. Det er få av oss som vert betre eller forandrar på bilkjøringa vår, fordi andre fortel oss at me kjører som ein "tullebukk".
På samme måte som når nokon seier til deg: " Den buksa der kan du no umulig gå ut i!"
Så sant det ikkje var ei jente du var redd for å miste, så vil du sikkert svara: "Det kan eg vel! Kva er gale med denne? Eg likar buksa godt eg!" Og du ville gå ut i buksa!!
Dersom du derimot sjølv fann ut at du ikkje kunne gå i denne buksa, er det derimot stor sjangse for; ja, ikkje berre stor sjangse for, men ganske sikkert at du kom til å bytta bukse. På samme måte som om du var redd for at jenta skulle forlata deg!!
Slik trur eg det er i bilkjøring og. Dersom du sjølv finn ut at du ikkje kan kjøra slik eller slik, er det stor sjangse for at du vil forandra på kjøremåten. Det er DU som må stå for oppdagelsen. Dette må etter mi meining liggja til grunn for samtalen mellom lærar og elev i bilføraropplæringa.

tirsdag 23. oktober 2007

Oppsummering i eit helhetsperspektiv

Forstå sin eigen helhetlige sjåførkompetanse.
Sikkerhet er no i fokus. Korleis kjører du i forhold til dette. Kva motiv har du. Kva tankar gjer du deg i forhold til at du har td bil bak? Forstår du mennesker? Tante Olga? Er du aksepterande? Mor skal på grava til far og stelle der. Ho kjører seint. Du ligg bak.

Av og til vil eg ha svar. Av og til vil eg at eleven ikkje skal svara på spørsmåla mine, men held svaret for seg sjølv. Eg tek opp polaritetstanken ved avslutninga av trinn 4. Av og til spør eg om det er skilnad på det ein forventar av seg sjølv, og det ein vil at andre skal gjera.

Eit spørsmål kan vera: Korleis ynskjer du at bilkjøring skal foregå??

Reflesjonssamtale etter en kjøretur

No vert det å memorere viktig. Huska diverse situasjonar, og reflektera over kjøringa i forhold til:
1) framkomlighet 2) trafikkreglane 3) oppmerksomhet 4) forsiktighet 5) sikkerhet

Oppsummering etter en hendelse.

Her tar eg fatt i situasjonen og vil at eleven skal oppleva kva som er sikker kjøring, og ikkje minst oppleva korleis han/ho eventuelt må gripa inn dersom noko skjer. Td. Ved forbikjøring av syklist der sikta framover er begrensa. Eller kva tid beslutning skal takast i diverse situasjonar. Prøver å la eleven oppdaga at det faktiske forhold. Td ber eg ein elev å venta til det kjem bil, for deretter å kjøra før vedkommande.

Teoretisk klasseromssituasjon

I klasseromssituasjonen legg eg vekt på generell oppfattelse av risiko ved bilkjøring, og at eleven skal bli oppmerksom på sin eigen holdning, meining om diverse handlingar. Snakkar om kva som er eller kan aksepterast, og kva som ikkje kan aksepterast. Brukar daglegdakse sammenlikningar med kva som er ”alminnelig” folkeskikk.
Brukar soloppgaver som td.:
1) Med samarbeid forstår eg. 2) Når eg samarbeider fører det til.