Å oppdaga er å verta oppmerksom på noko. Noko som har vore slik frå tidlegare, men det er berre det at eg har ikkje lagt merke til det før no. Dette er altså ein subjektiv sak. Berre eg kan oppdaga for meg. Etter at eg har oppdaga forstår eg det, eller eg ser meininga med det eg har oppdaga. Det at eg oppdaga gjer at det vert skilnad på før og etter oppdagelsen. Meiningsinnhaldet endrar seg. Andre kan peika på ting og visa meg ting, men sjølve oppdagelsen, eller forståelsen, må eg gjera sjølv. ''I det øyeblikk jeg forstår det jeg steller med, blir stoffet på en spesiell måte mitt: Jeg har grepet det og skjønner hva det dreier seg om." (Grenstad 2004 s. 17) Dette er eit vesentleg punkt når ein skal vurdera seg sjølv også når ein køyrer bil. Det er få av oss som vert betre eller forandrar på bilkjøringa vår, fordi andre fortel oss det, og seier at me kjører som ein "tulling".Eller på samme måte vert det for mange når nokon seier til deg: " Den buksa der kan du no umulig gå ut i!"
Eg trur svært få av oss endrar åtferd på bakgrunn av pålegg frå andre. Dersom me endrar i slike høve, gjer me det med ei forverra instilling til den som pressa fram endringa. Spesielt i høve til ein myndighetsperson med ein form for makt over oss. Når myndighetsskilnaden, eller maktforholdet minkar, står me tilbake med vonde opplevelsar i forhold til det som skjedde. I dømet med buksa, vil du kanskje svara: "Det kan eg vel. Og du vil fortsetta å gå med buksa. Dersom personen derimot var ein myndighetsperson, ville du bytta bukse. Medan di innstilling til personen, som nærmast tvinga fram buksebyttet, vil vera dårleg. Dersom du derimot sjølv fann ut at du burde bytta bukse, er det derimot stor sjangse for; ja, ikkje berre stor sjangse, men ganske sikkert at du kom til å bytta.
Slik trur eg det er i dei fleste høve der me skal endra på noko ved oss sjølve. Også i bilkjøring. Dersom andre prøver å pressa fram endring i kjøringa di, møter dei like gjerne motstand som velvilje og forståelse. Dersom du derimot sjølv finn ut at du ikkje kan kjøra slik eller slik, er det stor sjangse for at du vil forandra på kjøremåten. Det er DU som må stå for oppdagelsen. Når du sjølv står for oppdagelsen ser du med eitt meir behovet for endring. Det vert ikkje eit krav frå andre, men ein slags dissonans i deg sjølv, som du må retta opp i. Dette må også, etter mi meining, liggja til grunn for samtalen mellom lærar og elev i bilføraropplæringa og i undervisninga i si heilheit.
Oppdaging på eiga hand, i forhold til at andre fortel meg eller viser meg det eg skal oppdaga, har også eit anna perspektiv. Det følelsesmessige. Mange gonger har du kanskje sagt til ein som vil visa deg korleis ei oppgåve skal gjerast: "Nei, nei, eg vil finna det ut sjølv!" Det er gleda ved å oppdaga på eiga hand, du ikkje vil at den andre skal ta frå deg, som ligg bak reaksjonen din. Det er kjekt å finna løysinga sjølv. Denne gleda meiner eg det er viktig å ta vare på når ein planlegg undervisning. Når oppdaginga vert gjort av ein sjølv, vert den også med ein gong meir personleg. ''Skal jeg finne mening i noe, må jeg komme i et personlig forhold til det det gjelder. Jeg må oppdage hva det dreier seg om. Det er ikke nok at andre forteller meg hva de har sett.'' (Grendstad s. 19) Presonleg kunnskap fører til meir ansvar.
Trafikken er dynamisk. Det må trafikkopplæringa og vera. Trafikkbildet forandrar seg stadig. Vikeplikt frå høgre er ikkje statisk og endeleg i praktisk kjøring. Dette må eleven få oppdaga sjølv. ''Det er ofte mer ved en sak enn vi tror." (Grendstad s 22) Undervisninga må vera oppdagande meir enn forteljande. Oppdagingsmetoden er spesielt kjenneteikna ved (Ausubel og Robinson 1969, s. 481):'' det stoff som skal læres ikke er presentert i sin endelige form til eleven, men presentert slik at han må organisere eller transformere det på en eller annen måte før han kan inkorporere det i sin kognitive struktur.'' (Grendstad s. 25)
Viser innlegg med etiketten Refleksjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Refleksjon. Vis alle innlegg
søndag 27. januar 2008
onsdag 9. januar 2008
Begrepsavklaring Den gode samtalen
Den gode samtalen har mange kjenneteikn. Det første eg tenkjer på er at den har eit aksepterande språk. Altså ikkje masse kritiske bemerkningar, som om ein har ein forestilling om at hvis ein ikkje kritiserar, så vil ikkje eleven finna ut av det sjølv. Det vil med andre ord sei at vedkommande som er i læresituasjonen må føla seg trygg på at veiledar vil berre det gode for han. Kritiske vurderande språk verkar heller motsatt. Det skal ikkje vera farleg å svara "feil", dvs det er kanskje heller ikkje så mange spørsmål med rett eller feil svar i ein slik samtale. Ein del faktaspørsmål kan likevel vera nødvendig å snakka om.
Samtalen må i hovudsak vera retta mot at eleven skal oppdaga noko om seg sjølv. Stikkord over spørsmålstypar som er med på å hinda ein i å ha ein god samtale kan vera: Moralisering eller formaning, kritisera, gi ros for handlingar som på eksisterande nivå for lengst er forventa,sarkasme, spøka med alvårlege ting, bagatellisera. Eg trur det er viktig å stilla spørsmål som får eleven til å laga eigne løysningar på problemstillingar, og deretter prøva dei ut i praksis. Som td. i kjøreopplæringa. Bilete av ein uoversiktleg sving, som eleven kanskje med fordel kjenner. Så stilla spørsmålet: "Kva tankar gjer du deg om kjøring rundt ein slik sving?" "Er det noko du vil vera spesielt oppmerksom på? oa. Til slutt kanskje eit spørsmål til ettertanke, men det må komma etter at me kjenner kvarandre godt, trur eg.

Etiketter:
1.4.1 Begrepsavklaring Den gode samtalen,
Innledning,
Oppgave,
Refleksjon
tirsdag 20. november 2007
Introduksjon
Eg har vore trafikklærar i over 30 år no. I løpet av den tida har eg opplevd både gode og mindre gode opplevingar. I undervisninga saman med elevane mine har eg det veldig bra. Eg har stort sett eit svært godt forhold til dei eg kjører med, og føler at kommunikasjonen mellom meg og eleven er bra.
Det som derimot tyngjer meg, er følelsen av ikkje å strekka til med ”bodskapen” eg skal ut med til kundane mine. Ein bodskap som myndighetene har bestemt.
Eg opplever ofte at det som vert øvd på eller prestasjonane eleven er motivert for, har sin bakgrunn i førarprøven, og ikkje bakanforliggjande trafikksikkerhetshensyn. Førarprøven styrer opplæringa! Eg er fastlåst fordi det er levebrødet mitt. Eg må tilfredsstilla kunden. Mange trafikkskular står klare til å ta over elevane dersom eg underviser etter læreplanen! Målet kjem i bakgrunnen i undervisninga.
Førarprøven er dårleg, og avslører lite om elevens tankar og forståelse for bilkjøring. Etikk og empati er bortimot framandord.
Trafikkulykkene og all vitlause kjøringen gjer at eg vert ganske lei meg, og føler at eg ikkje strekk til i jobben min. Myndighetene sin manglande klargjering overfor førarkortkandidatane , foreldre og trafikantane om trafikkopplæringa, og kva trafikksikkerhet betyr, og korleis samfunnet vert skadelidande av alle ulykkene er ein like stor frustrasjon.
Trass i dette er trafikksikkerhet hjartesaka mi. Det er det eg brenn for å gjort noko med. Alle desse tragiske ulykkene som øydelegg friske folk, og lukkelege familiar.
Noko må kunna gjerast!

1.1 Introduksjon,
Føraropplæring,
Innledning,
Oppgave,
Refleksjon,
Utkast
Abonner på:
Innlegg (Atom)