Viser innlegg med etiketten Oppgave. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppgave. Vis alle innlegg

søndag 13. januar 2008

Metodar

Når eg har valgt metode for undervisninga, er det ynskjet om å tileigna meg meir kunnskap om ulike undervisningsformer og lærings strategiar som har vore avgjerande. Eg ynskjer å undervisa på ein måte der eleven står fritt i mellom anna ”verdivalg”, og er seg valget bevisst. Det er dette som driv meg. Eg har høyrt lenge nok på mine eigne meiningar, i mi eiga formidlingsverden. Eg vil vidare. Mi meining gjeld for meg, andre må ta sine valg. Eg vil hjelpa dei til å oppdaga sitt eige ansvar i valg dei gjer.
Å vegja er å sei ja til noko, og nei til noko anna, samtidig. Metodevalget er sjølvsagt prega av det eg trur på. Den konfluente pedagogikken. Dette ynskjer eg veldig å søkje kunnskap om som veiledar og person. På denne måten vert jo det eg gjer, prega av min søking etter metoder som eg trur har med konfluent peagogikk å gjera.
Dette er mitt første forsøk på å utvikla meg som trafikklærar, og mulig pedagog, der eg fører logg, og er så bevisst på det eg gjer med skriftleg arbeid.

Eg fann mitt forbilde i den konfluent retningen i pedagogikken i begynneslen av 1990, då eg gjekk på trafikkpedagogisk utviklingsarbeid med Knut Alfred Myren. Han, saman med forfattaren av boka; Å lære er å oppdaga av Nils Magnar Grendstad, som me hadde som pensum på kurset, påvirka meg og mi tenking om læring og undervisning radikalt.

Desse hendingane gjorde derfor store endringar i livet mitt. Eg oppsøkte derfor Nils Magnar og Meta senter, og melde meg på kurs i veiledning. Dette var det som fekk meg til å opna augene for andre former for læringsstrategiar enn det eg til tider hadde vore utsatt for som elev ved diverse skular.
Nils Magnar gir meg i boka si eit syn på læring som, slik eg oppfattar det, distanserer seg frå formidlingspedagogikken. Han tar opp det personlege forholdet du kjem i til noko idet du har oppdaga kva det dreiar seg om. Dette personlege forholdet er det som gjer forskjellen i forholdet ein får til kunnskapen i motsetnad til å bli fortalt at noko er slik og slik. Her er vi inne på skilnaden mellom å kunne på den eine sida, og å forstå eller finna meining i på den andre. ”Skal jeg finne mening i noe, må jeg komme i et personlig forhold til det det gjelder,” seier Nils Magnar i boka si; Å lære er å oppdage. S 19. ”Jeg må selv oppdage hva det dreier seg om, det er ikke nok at andre forteller meg det,” sier han.
Nils Magnar døde dessverre så altfor tidleg, og dottera Liv Grendstad Rosseau driv nå senteret. Denne pedagogiske retningen har eg stor tru på i trafikkopplæringen, då den er prega av å ta vare på heile mennesket i unervisninga. Korleis mennesket har det i opplærings situasjonen trur eg er veldig vesentleg i all læring. Det vert lagt vekt på at eleven skal føla seg verdifull, og lettare kunna vera i læringa med heile seg og dermed også til stades her og nå.

Loggskjemaet, intervjuet og samspelet mellom meg og eleven skal danna grunnlag for registrering av elevens læring. Det vert mi tolking av dette som eg forheld meg til når eg skal vurdera undervisninga og kva som gjev god læring. Eg må vera bevisst på det er mi tolking av eleven sine utsagn, Samstundes som eg skal sei noko om mi læring og oppleving av korleis den gode samtalen virkar på meg.

onsdag 9. januar 2008

Begrepsavklaring Den gode samtalen

Den gode samtalen har mange kjenneteikn. Det første eg tenkjer på er at den har eit aksepterande språk. Altså ikkje masse kritiske bemerkningar, som om ein har ein forestilling om at hvis ein ikkje kritiserar, så vil ikkje eleven finna ut av det sjølv. Det vil med andre ord sei at vedkommande som er i læresituasjonen må føla seg trygg på at veiledar vil berre det gode for han. Kritiske vurderande språk verkar heller motsatt. Det skal ikkje vera farleg å svara "feil", dvs det er kanskje heller ikkje så mange spørsmål med rett eller feil svar i ein slik samtale. Ein del faktaspørsmål kan likevel vera nødvendig å snakka om.
Samtalen må i hovudsak vera retta mot at eleven skal oppdaga noko om seg sjølv. Stikkord over spørsmålstypar som er med på å hinda ein i å ha ein god samtale kan vera: Moralisering eller formaning, kritisera, gi ros for handlingar som på eksisterande nivå for lengst er forventa,sarkasme, spøka med alvårlege ting, bagatellisera. Eg trur det er viktig å stilla spørsmål som får eleven til å laga eigne løysningar på problemstillingar, og deretter prøva dei ut i praksis. Som td. i kjøreopplæringa. Bilete av ein uoversiktleg sving, som eleven kanskje med fordel kjenner. Så stilla spørsmålet: "Kva tankar gjer du deg om kjøring rundt ein slik sving?" "Er det noko du vil vera spesielt oppmerksom på? oa. Til slutt kanskje eit spørsmål til ettertanke, men det må komma etter at me kjenner kvarandre godt, trur eg.

Begrepsavklaring Forbedring

Det er den delen av undervisninga som foregår i bilen eg skal prøva å forbedra. Eg skal prøva å oppdaga kva det er som fører til læring hjå eleven. Med forbedring her meinar eg i stor grad at eleven skal føla omsorg og engasjement i forhold til at eg verkeleg bryr meg om at ho/han skal verta ein sikker bilførar både for seg sjølv,og andre når dei kjem på vegen som bilførarar. Altså eg skal verta betre i omsorgsarbeidet for eleven, medan eleven skal verta meir ansvarsbevisst i si kjøring.

Etter fullført opplæring skal altså den nye trafikanten vera istand til å sjå sitt eige ansvar i trafikken, og ikkje leggja vekt på den delen som hr med andre å gjera. Med andre ord ligg det eit stort ynskje om større ansvarslæring i forbedringa.

tirsdag 20. november 2007

Introduksjon

Eg har vore trafikklærar i over 30 år no. I løpet av den tida har eg opplevd både gode og mindre gode opplevingar. I undervisninga saman med elevane mine har eg det veldig bra. Eg har stort sett eit svært godt forhold til dei eg kjører med, og føler at kommunikasjonen mellom meg og eleven er bra.
Det som derimot tyngjer meg, er følelsen av ikkje å strekka til med ”bodskapen” eg skal ut med til kundane mine. Ein bodskap som myndighetene har bestemt.
Eg opplever ofte at det som vert øvd på eller prestasjonane eleven er motivert for, har sin bakgrunn i førarprøven, og ikkje bakanforliggjande trafikksikkerhetshensyn. Førarprøven styrer opplæringa! Eg er fastlåst fordi det er levebrødet mitt. Eg må tilfredsstilla kunden. Mange trafikkskular står klare til å ta over elevane dersom eg underviser etter læreplanen! Målet kjem i bakgrunnen i undervisninga.
Førarprøven er dårleg, og avslører lite om elevens tankar og forståelse for bilkjøring. Etikk og empati er bortimot framandord.
Trafikkulykkene og all vitlause kjøringen gjer at eg vert ganske lei meg, og føler at eg ikkje strekk til i jobben min. Myndighetene sin manglande klargjering overfor førarkortkandidatane , foreldre og trafikantane om trafikkopplæringa, og kva trafikksikkerhet betyr, og korleis samfunnet vert skadelidande av alle ulykkene er ein like stor frustrasjon.
Trass i dette er trafikksikkerhet hjartesaka mi. Det er det eg brenn for å gjort noko med. Alle desse tragiske ulykkene som øydelegg friske folk, og lukkelege familiar.
Noko må kunna gjerast!