søndag 13. januar 2008

Metodar

Når eg har valgt metode for undervisninga, er det ynskjet om å tileigna meg meir kunnskap om ulike undervisningsformer og lærings strategiar som har vore avgjerande. Eg ynskjer å undervisa på ein måte der eleven står fritt i mellom anna ”verdivalg”, og er seg valget bevisst. Det er dette som driv meg. Eg har høyrt lenge nok på mine eigne meiningar, i mi eiga formidlingsverden. Eg vil vidare. Mi meining gjeld for meg, andre må ta sine valg. Eg vil hjelpa dei til å oppdaga sitt eige ansvar i valg dei gjer.
Å vegja er å sei ja til noko, og nei til noko anna, samtidig. Metodevalget er sjølvsagt prega av det eg trur på. Den konfluente pedagogikken. Dette ynskjer eg veldig å søkje kunnskap om som veiledar og person. På denne måten vert jo det eg gjer, prega av min søking etter metoder som eg trur har med konfluent peagogikk å gjera.
Dette er mitt første forsøk på å utvikla meg som trafikklærar, og mulig pedagog, der eg fører logg, og er så bevisst på det eg gjer med skriftleg arbeid.

Eg fann mitt forbilde i den konfluent retningen i pedagogikken i begynneslen av 1990, då eg gjekk på trafikkpedagogisk utviklingsarbeid med Knut Alfred Myren. Han, saman med forfattaren av boka; Å lære er å oppdaga av Nils Magnar Grendstad, som me hadde som pensum på kurset, påvirka meg og mi tenking om læring og undervisning radikalt.

Desse hendingane gjorde derfor store endringar i livet mitt. Eg oppsøkte derfor Nils Magnar og Meta senter, og melde meg på kurs i veiledning. Dette var det som fekk meg til å opna augene for andre former for læringsstrategiar enn det eg til tider hadde vore utsatt for som elev ved diverse skular.
Nils Magnar gir meg i boka si eit syn på læring som, slik eg oppfattar det, distanserer seg frå formidlingspedagogikken. Han tar opp det personlege forholdet du kjem i til noko idet du har oppdaga kva det dreiar seg om. Dette personlege forholdet er det som gjer forskjellen i forholdet ein får til kunnskapen i motsetnad til å bli fortalt at noko er slik og slik. Her er vi inne på skilnaden mellom å kunne på den eine sida, og å forstå eller finna meining i på den andre. ”Skal jeg finne mening i noe, må jeg komme i et personlig forhold til det det gjelder,” seier Nils Magnar i boka si; Å lære er å oppdage. S 19. ”Jeg må selv oppdage hva det dreier seg om, det er ikke nok at andre forteller meg det,” sier han.
Nils Magnar døde dessverre så altfor tidleg, og dottera Liv Grendstad Rosseau driv nå senteret. Denne pedagogiske retningen har eg stor tru på i trafikkopplæringen, då den er prega av å ta vare på heile mennesket i unervisninga. Korleis mennesket har det i opplærings situasjonen trur eg er veldig vesentleg i all læring. Det vert lagt vekt på at eleven skal føla seg verdifull, og lettare kunna vera i læringa med heile seg og dermed også til stades her og nå.

Loggskjemaet, intervjuet og samspelet mellom meg og eleven skal danna grunnlag for registrering av elevens læring. Det vert mi tolking av dette som eg forheld meg til når eg skal vurdera undervisninga og kva som gjev god læring. Eg må vera bevisst på det er mi tolking av eleven sine utsagn, Samstundes som eg skal sei noko om mi læring og oppleving av korleis den gode samtalen virkar på meg.

Ingen kommentarer: