Viser innlegg med etiketten 1.2 På veg mot problemformuleringa.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 1.2 På veg mot problemformuleringa.. Vis alle innlegg

tirsdag 20. november 2007

På veg mot problemformuleringa.

Refleksjon er sentral i utvikling av eigen praksis. Gjennom min eigen refleksjon skal eg kunna utvikla min eigen praksis, og hjelpa førarkortkandidatane til å reflektra over mogelege hendingar dei kanskje ikkje har i sin "verden" enno.
Derfor stiller eg spørsmålet til meg sjølv:"Korleis kan eg, i mi undervisning, bidra til å hjelpa dei som skal ta førarkort til å reflektera over eigne valg/handlingar i trafikken, slik at dei reduserer risikoen for sjølv å bli utsatt for ulykker, og for å utsetja andre for ulykker."
I denne forbindelse kunne det vært interessant å sjå på intervju som metode. Eg ynskjer å laga ein intervjuguide med hensikt å veileda eleven til bedring i sin refleksjon, og derved bli bedre i min eigen refleksjon.