onsdag 24. oktober 2007

Å LÆRA ER Å OPPDAGA.

Å oppdaga er ein subjektiv sak. Berre eg kan oppdaga for meg. Andre kan peika på ting og visa meg ting, men sjølve oppdagelsen, eller forståelsen, må eg gjera sjølv. Dette er eit vesentleg punkt når ein skal vurdera seg sjølv også når ein køyrer bil. Det er få av oss som vert betre eller forandrar på bilkjøringa vår, fordi andre fortel oss at me kjører som ein "tullebukk".
På samme måte som når nokon seier til deg: " Den buksa der kan du no umulig gå ut i!"
Så sant det ikkje var ei jente du var redd for å miste, så vil du sikkert svara: "Det kan eg vel! Kva er gale med denne? Eg likar buksa godt eg!" Og du ville gå ut i buksa!!
Dersom du derimot sjølv fann ut at du ikkje kunne gå i denne buksa, er det derimot stor sjangse for; ja, ikkje berre stor sjangse for, men ganske sikkert at du kom til å bytta bukse. På samme måte som om du var redd for at jenta skulle forlata deg!!
Slik trur eg det er i bilkjøring og. Dersom du sjølv finn ut at du ikkje kan kjøra slik eller slik, er det stor sjangse for at du vil forandra på kjøremåten. Det er DU som må stå for oppdagelsen. Dette må etter mi meining liggja til grunn for samtalen mellom lærar og elev i bilføraropplæringa.

2 kommentarer:

Evy Gamst sa...

Jeg syns betraktningene dine er interessante. Har du noen tanker omkring hvordan du skal gå fram for få en 18-19 åring til å tenke slik?

Asbjørn sa...

Har tankar om det ja, men denne problemstillinga er ein av grunnane til at eg har søkt meg inn på dette studiet. Eg trur likevel at eg når fram til nokken slik eg driv på i dag og, men eg ynskjer å utvikla meg vidare, og nå fram til endå fleire.