Intervju i den form eg skal bruka det, vert å sjå på som ein samtale. Denne måten vert beskrive som eit fenomenologisk perspektiv , og fokuserer på personens livsverden. Det er åpent for intervjupersonen sine erfaringar, framhevar presise beskrivelsar, prøver å sjå bort frå forhåndskunnskapar, og søkjer etter beskrivelsen av det som skjedde.
Forskningsintervjuvet har struktur av ein vanleg samtale. Som profesjonelt intervju derimot, inneheld det ein bestemt metode og spørjeteknikk. Denne teknikken kjenner eg enno ikkje til. Eg vil likevel prøva å få det til slik at intervjuvet vert ein produksjonsstad for kunnskap.
Det er kommunikasjonen mellom dei to personane som er involverte i intervjuvet, som produserer kunnskapen. Formålet med intervjuet er å få intervjuobjektet til å opna opp og gi oss innsikt i sitt daglegliv eller sin ”verden” , og personens forhold til den. Det er særleg personen sine tolkningar og meiningane i problemområdet ein prøver å beskriva. Intervjuaren si oppgåve vert, i tillegg til intervjuvinga, å registrere og å tolka meiningane i det som vert sagt.
Meiningane som kjem fram i intervjuet skal vera kvalitative, og uttrykt i daglegdags tale, men beskrivande og spesifikke, slik at situasjonane er gjennkjennelege. Intervjuet er åpent og ikkje styrande.
Det er meiningen med intervjuet at det skal foregå på eit likeverdig plan, ved at intervjupersonen ikkje føler seg pressa eller mindreverdig. Kunnskapen som vert produsert kan verta ein berikelse for intervjupersonen, og opplevelsen kan føra til ny innsikt i temaet og sin eigen livssituasjon.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Når jeg leser "Dette prosjektet vil ikkje gå så systematisk til verks." lurer jeg på om du mener struktur eller systematikk og så tenker jeg:
Hvem er studie"objektet" hvis din utfordring er å forbedre din praksis?
Legg inn en kommentar